Diverse info

Søknad om betalingsreduksjon på økonomisk grunnlag og gratis kjernetid i barnehage

Om nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetaling

Det er to moderasjonsordningar for familiar eller hushald med låg inntekt. Ordningane er regulert i forskrift om foreldrebetaling i barnehagar.

  1. Viss maksprisen er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til eit hushald, så har ein rett på reduksjon i foreldrebetalinga. For barnehageåret 2019/2020 gjeld det for hushald med ei samla inntekt som er lågare enn kr. 557 333 per år. Dette gjeld både for kommunale og private barnehagar. Matpengar kjem i tillegg til maksprisen.
  2. I august 2019 blir retten til gratis kjernetid utvida til og å gjelde 2-åringar. Alle 2-, 3-, 4- og 5-åringar (og barn med utsett skulestart) som bur i hushald med låg inntekt har rett på 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. I frå august 2019 gjeld gratis kjernetid for hushald som har ei samla inntekt som er lågare enn 548 500 per år.

Frist for å søka om redusert betaling i barnehage og gratis kjernetid for barnehageåret 2019/2020 er 30.juni 2019.

https://www.sveio.kommune.no/barnehage-skule-og-sfo/barnehage/betalingssatsar-og-betalingsreduksjon/

 

Personvern og cookies